Ja til ein vill, vakker og stille Vangsnatur!

MDG Vang har programfesta ein «restriktiv haldning til motorferdsel i utmark». Med dette meiner vi restriktiv i ordets rette forstand og ikkje i meining heilt fråverande. Dette vil sei på eit nivå tilsvarande dagens handheving av lovverket med løyver til nærings-, løype- og transportkøyring.

Revidering av lov om motorferdsel i utmark opnar for rekreasjonsløyper, eller scooterløyper, på folkemunne. Men lovrevideringa opnar ikkje for at alle skal få køyre scooter til stølen sin – det er ei stor misoppfatning.

Denne opninga for auka motorisert ferdsel i naturen stiller me oss kritisk til om kommunen bør bruke tid og ressursar på. Forskrifta legg opp til at scooterløyper skal leggast utanom regulerte bu- og hytteområde, verneområde, føreslått verneområde og rasfarlege område. Det skal også takast omsyn til landskap, naturmangfald, kulturminne, kulturmiljø, reindriftsområde. Det krev også ein omfattande kartleggingsjobb der kommunen må utreie verknaden løypene vil ha for friluftsliv og naturmangfald i dei berørte områda – eksempelvis korleis støy vil påverke skiløyper i nærleiken av scooterløypene. Dette er utredningar som vil vere både tid- og ressurskrevjande, og i Vang sitt høve vil desse omsyna gjere at det ikkje er store potensiale/områder att.

Me ser på landskapet og dei nære naturopplevingar som det viktigaste produktet i marknadsføring av Vang som ein attraktiv reiselivs- og hyttedestinasjon. Ved ei opning for rekreasjonsløyper vil det føre til auka scooterkøyring i utmark med tilhøyrande støy- og konfliktpotensiale. Evalueringsrapporten for ny forvaltningsordning for motorferdsel i utmark poengterer at nettopp her ligg det krysningar i interessene; det oppstår fort konflikt med skutertrafikk i tilknyting til hytteområder. Derfor trur me reiselivs- og hyttesatsinga i Vang er meir tent med å nyttegjere seg av naturen slik den framstår i dag – vill, vakker og stille.

Om det er fleire hundre andre kommunar som opnar for rekreasjonsløyper vil det sannsynleg vere meir verdt å ikkje ha rekreasjonsløyper, og dermed lege til rette for opplevingar av urørd og stille natur. Kvifor skal folk reise til Vang for å køyre snøscooter om dei kan gjere det «kvar som helst elles i landet»? Det er fare for å bli «ein tilbydar i mengda», og då vil næringsargumentet med rekreasjonsløypene falle i frå. MDG Vang meiner difor at det betre å skilje seg ut med flott natur – dette marknadsførar vi godt i dag, og me skal bli endå betre i framtida!