Valprogram for 2015 – 2019

Lys i alle glas

Me vil skape ei levedyktig bygd på ein berekraftig måte, med rom for å jobbe og rom for å bu!

 

Enklare, grønare og rikare kvardag

Me ønsker å bidra til ei livskraftig bygd, der optimisme og skaparkraft rår.

  • Eit mangfald av kulturtilbod gjer kvardags- livet rikare – me vil stimulere til kreativitet og nyskaping.
  • MDG Vang vil arbeide for stor aksept for ulikskap – me har nytte og glede av eit fleirkulturelt bygdesamfunn.
  • Me vil bevare og styrke dei sosiale møteplassane, som til dømes grendehusa.
  • Me vil jobbe for ei omsorgsteneste som medverkar til ein meir aktiv kvardag for dei eldre.
  • Mangfald i skulen gjev betre læring – me vil jobbe for å få agronomi inn som valfag på ungdomsskulen.
  • Me vil greie ut mogelegheita for kombinert skule- og fritidstilbod. Dette vil frigjera tid til familielivet framfor unødig køyring og gje alle born same moglegheit til å delta.

 

Tenk nytt – stem grønt

Den storslåtte naturen vår er ein umisteleg ressurs, både for oss vangsgjeldingar og for turistane som kjem hit.

  • Me vil arbeide for ei grønare og meir heilskapleg arealforvaltning, ved å ta omsyn til landbruk, kulturlandskap, turisme og naturmangfald.
  • Vang kommune skal utarbeide ein miljøplan og bli miljøfyrtårn-sertifisert.
  • Me ynskjer ei auka, bærekraftig utnytting av beiteressursane i kommunen.
  • Me vil jobbe for ei modernisering av eksisterande vasskraftverk og reguleringar, framfor utbygging av nye kraftverk.
  • MDG Vang har ei restriktiv haldning til motorferdsle i utmark.

 

Levande landbruk og lokale ressursar

Vang skal legge til rette for eit grønt og moderne landbruk!

  • For å skape attraktive miljø for gardsdrift, trengst gode naboskap av driftige bønder.
  • I arbeidet med å skape lys i alle glas, vil MDG Vang styrke bu- og driveplikta.
  • Me vil arbeide for å auke sjølvforsyningsgraden, både nasjonalt og lokalt.
  • Me vil forenkle omsettinga av lokalprodusert mat.
  • MDG Vang vil støtte eit landbruk som minskar bruken av kjemiske gjødsels- og sprøytemiddel.
  • Me vil ta vare på kulturlandskapet, mellom anna gjennom styrking av utmarksbeite og stølsbruken.
  • Me vil jobbe for at kommunen skal ha ei offansiv haldning til tilskott og støtteordningar for bøndene.

 

Fleire arbeidsplassar og eit variert næringsliv

Me vil gjere det enklare for folk å velje Vang!

  • I Vang vil det vere stort behov for arbeids- kraft innan offentleg sektor dei neste åra. MDG Vang vil utarbeide ein strategi for å møte framtidige behov for arbeidskraft og gjera det enklare for kompetente folk å velje Vang.
  • Me vil skape vekst innanfor IKT, kultur- næringa og det grøne reiselivet ved å utnytte dei naturgjevne ressursane vi har.
  • Nisjekommunar treng nisjenæringar! Vi vil løfte fram det særeigne ved Vang og styrke marknadsføringa av eksisterande bedrifter.
  • MDG Vang ynsker å styrke og spesifisere oppdraget Innovangsjon har som bygde- og næringsutviklar.
  • Me trur Vang beheld flest arbeidsplassar og slik vil vere best rusta for famtida om me held fram som eigen kommune.