Frå ein – til to? Eller tre??

Miljøpartiet dei Grøne i Vang har denne perioden hatt éin plass i kommunestyret, for første gong. Vi er stolte over det vi har fått til dei siste fire åra, og håper no å få inn fleir ved haustens kommuneval!

Dette var bodskapen vår før valet i 2015:

Dei neste fire åra ynskjer me å arbeide for eit enno betre Vang. Hovudbodskapen vårt er «lys i alle glas» – me ynskjer å skape ei levedyktig bygd på ein berekraftig måte, med fleire arbeidsplassar og attraktive plassar å bu. I seg sjølv ein omfattande målsetjing, men viktig for å kunne ta Vang inn i framtida.

Landbruket er den viktigaste næringa i kommunen. MDG Vang ynskjer eit levande landbruk og vil styrke utnyttinga av lokale landbruksressursar, mellom anna gjennom styrking av utmarksbeitet og stølsbruken. Ved å forenkle omsettinga av lokalprodusert mat, vil ein gjere det meir attraktivt å produsere mat for sal og kunne auke sjølvforsyningsgraden.

Me ynskjer å bidra til ei livskraftig bygd, der optimisme og skaparkraft rår, mellom anna ved ta vare på og styrke dei sosiale møteplassane. Desse er utruleg viktige for å skape samhald og i størst mogleg grad tilbod som ikkje kostar pengar.

Den storslåtte naturen i Vang er ein umisseleg ressurs, både for oss vangsgjeldingar og for turistane som kjem hit. Gjennom berekraftig forvaltning kan me sjå til at også dei komande generasjoner kan få nyte alt det me har rundt oss i dag. Eitt eksempel er vasskraft. Me ynskjer i størst mogleg grad ei modernisering av eksisterande  vasskraftverk og reguleringar, framfor utbygging av nye kraftverk.

Me lev i ei tid der verda endrar seg drastisk og naturressursane vert knappare. Me har eit lokalt engasjement, men med eit globalt perspektiv. NRK sin valgomat avslører av vi er det einaste partiet i Vang som er 100% einige i at Norge må ta sin del av ansvaret for verdas klimautfordringar, og det er rundt om i alle landets kommuner vi kan vere med å ta Norge inn i det grøne skiftet.

No er programmet for perioden 2019-2023 klart, det kan du lese her.