Flyktningpolitikk

Fotocredit: Miljøpartiet de grønne

September 2015

Under valdebatten i Vang 02.09.15 vart flyktningpolitikk tatt opp. Det vart ei nokså lik oppleving som å sjå nasjonale debattar – politikarane var einige om at dette er ein dugnad vi alle må ta ansvar for, men enkelte prata likevel mest om krevjande integreringsprosessar, dårlege arbeidsutsikter og førbehald om økonomiske insentiv frå staten. Ordet ‘belastning’ var nemnt frå enkelte partia fleire gonger – det høyrer ingen stad heime i ei slik flyktningkrise som vi ser i dag.

Elisabeth Sparstad stilte i debatten eit godt spørsmål om kvifor det berre vart snakka om  offentlege insentiv og inga fokus på privat og frivillig engasjement. Der og då verka det som det var berre MDG som forstod og var samd med Sparstad i potensialet ho beskreiv. Kanskje er vi dei einaste som har fått med oss det enorme frivillige engasjementet som har oppstått både i Oslo og fleire stader i Europa i det siste, til dømes dei no over 80.000 (!) medlemmane i gruppa Refugees welcome to Norway. Den jobben desse privatpersonane gjer med å donere klede, leikar og mat, samle inn pengar, administrere restaurantar, klesbutikkar og andre som bidreg +++ er heilt enormt for dei 1000vis av flyktningar som har kome til Norge dei siste vekene. Politiets utlendingseining i Oslo er ikkje budd for å ta imot den straumen som no kjem, og desse frivillige gjer alt dei kan for å dekke dei mest prekære behova flykningane har. Vang kommune er kanskje heller ikkje budd for eit stort tal flyktningar, men her er nettopp Sparstad sitt  poeng vesentleg – vi må leggje til rette for alle insentiv for å bidra i denne krisa.

‘Da rådmannen i Luster i indre Sogn foreslo at den velstående gamle kraftkommunen skulle ta imot to syrere, våknet Marit Aakre Tennø (38) fra Senterpartiet’ kan vi lese i VG05.09.15. ’– Jeg syntes det var pinlig. Så jeg argumenterte i kommunestyret for at vi måtte strekke oss lenger under den verste flyktningkrisen vi har sett i moderne tid. Dermed ble det flertall for å ta imot ti ekstra syrere, sier Aakre Tennø til VG.’ Vi har førebels ikkje eit tal på kor mange Vang bør ta i mot, men MDG Vang vil her, som i nasjonale samanhengar, vere pådrivar både for eit heilt anna fokus/språkbruk i saken og ei mykje meir offensiv haldning til vårt ansvar som medmenneske.

Økonomiske intensiv frå staten vil sjølvsagt hjelpe og vere noko vi skal jobbe for, men vi meiner ikkje dette bør vere ei føresetnad for å bidra. Vang er ei rik kommune, og vår haldning er; vi kan om vi vil! Er det boligar som er den største utfordringa? Ja då får kommunen bygge boligar då. Den offensive haldninga MDG Vang har til buplikta vil kanskje også frigjere nokre tome hus til formålet? Enkelte stader melder hytteeigarar at dei kan stille dei ofte tomme hyttene sine til disposisjon – kan vi leggje til rette for slike leigeavtaler i Vang?

Visst bidreg vi allereie med busetnader, og visst har vi utfordringar med både bustader og arbeidsplassar, men slik situasjonen er i verden i dag må vi alle tenkje kreativt og sjå våre såkalla ‘belastningar’ i ein mykje større samanheng.