Landbrukspolitikk

Fotocredit: Lars Østbye Hemsing

August 2015

MDG Vang går til val under parolen ”lys i alle glas”. Landbruket er den viktigaste næringa i Vang, og denne må me take vare på og utvikle vidare for å oppnå vår visjon.

 

Me ynskjer å leggje til rette for kreativitet og nyskaping i landbruket. Me vil stimulere til eit meir berekraftig landbruk, men òg leggje til rette for auka bruk av dei mindre gardsbruka i Vang – både for å auke folketalet, mat- og nisjeproduksjon, men òg til døme gardsturisme. Samspelet – og nærværet – mellom store og små bruk, meiner me er essensielt for landbruket i Vang.

Me vil auke faktakunnskapen om ressursane me har. Skog og Landskap seier at berre 2/3 av beiteressursane i Oppland blir nytta og at dyretalet nær kan dobles. Utmarksressursane i Vang er ikkje kartlagde. Det meiner me dei må bli! Dette vil syne potensialet utmarka vår har. Dette vil vere eit viktig verktøy for prioritering av beiteområder, tal på beitedyr, skjøtselsplanar og nydyrkingar. Ei slik kartlegging vil også vere eit godt grunnlag til ulike stønadsordningar.

Landbruket har forma det flotte kulturlandskapet me har i Vang. Dette landskapet er ikkje berre flott for oss som bur i Vang, men er også viktigt for reiselivet. Forskinga har dokumentert at turister likar å sjå velfungerande og aktive kulturlandskap.

Med færre aktive bruk, større driftseiningar, færre dyr på beite og mindre stølsdrift – ja då aukar òg attgroinga av landskapet. Me ynskjer å stimulere til auka bruk av stølane i Vang. Dette både for å nytte utmarksressursane best mogeleg til matproduksjon, men òg for å skjøtte kulturlandskapet. I ”gamle dagar” var regelen at det måtte til eit hestelass med ved til kvar ku – då hadde ein nok ved til å foredle mjølka hennar for sumaren. Fråveret av slikt uttak av ved og minka utmarksbeite er hovudårsakane til attgroinga me ser i dag. Med klimaendringane me har i vente vil attgroinga berre gå fortare og auke i omfang.

MDG Vang ynskjer å legge til rette for at kulturlandskapet i Vang oppretthaldast. Både for sysselsetjing i hovudnæringa, men også for å vedlikehalde eit viktig reiselivsprodukt.

Tenk nytt, stem grønt. Godt val!