Program 2023 – 2027

Vår visjon!

  • Det som gagner naturen og miljøet, gagner også innbyggjarar og næringsliv i Vang

Rettferdig utvikling

Vi vil legge til rette for inkluderingstiltak som går på tvers av personleg økonomi, tilhøyre, kulturell bakgrunn og funksjonsnivå.

Vi vil arbeide for større fokus på forebygging og forebyggende tiltak innanfor oppvekst og helse.

Vi vil legge til rette for auka bruk og videreutvikling av eksisterande lågterskel møteplasser ved å arbeide for gode kommunale transportordningar til ein rimeleg penge.

Vi vil arbeide for gratis kulturskuletilbod til born og unge i Vang.

Vi vil jobbe for eit eige kommunalt bustadselskap som skal halde ved like og bygge bustader for ulike behov i Vang.

Vi ønsker å få bukt med boligmangelen i Vang ved utprøve ulike ordningar for finansiering bygging, som til dømes “leige for å eige”.

 

Landbruk

Vi vil jobbe for å styrke landbruket med fokus på dei naturlege ressursane og arbeidskrafta som finst i Vang. Målet vårt er å få til lokale tilskotsordningar som premierer bruk av utmarksbeite og foredling av lokale råvarer.

Vi ønskjer at kommunen lagar faste treff for gardbrukarar i Vang som ønskjer å lære av kvarandre, samarbeide og koma saman for å diskutere støtteordningar og tiltak som kan styrke både landbruket og naturen.

 

Skulemat og lokalmat

Vi ønskjer ei utredning av skolemat i Vang. Målet er rask innføring om det viser seg å vera praktisk mogleg med gevinst for born, ungdommar og lokale matprodusentar.

 

Energisparing for alle

Vi vil jobbe for gratis energirådgjeving til alle hushald i Vang.

Vi vil jobbe for å innføre ei kommunal stønadsordning for strømsparetiltak, for eksempel støtte til å kjøpe og installere varmepumpe.

 

Inkluderande transport

Vi vil jobbe for at det blir oppretta eit Fylkesvegutvalg som skal legge press på vedlikehald av fylkesvegnettet.

Vi vil iverksette ein test av bestillingsbuss frå der folk bur til busshaldeplassar og kommunale tenester.

Vi vil sette av midler i kommunebudsjettet til forpliktande planlegging og bygging av gang- og sykkelveg mellom Ryfoss og Tveit.

 

Miljø og biologisk mangfald

Vi vil argumentere for at naturen blir ivareteke når vi planlegg utvikling i Vang. Vi ønskjer ei utvikling i Vang der naturen og naturmangfaldet blir styrka.

Vi vil jobbe for jordvern innanfor kommunegrensene.

Å ta hol på uberørt natur i Vang skal vera siste utveg. Andre alternativ skal alltid vurderast og tydelege krav må ligge til grunn om det skal gjerast tiltak i ubebygd natur.

Vi ønskjer å legge til rette for breiare dialog med innbyggjarane om korleis vi bruker og tek vare på både natur, dyr og menneske i Vang.

Vi vil jobbe for at miljøhensyn skal vera styrande for korleis kommunen utøver eigne tjenester.

Vi vil jobbe for at kommunen tek omsyn til bærekraftsmåla i eigne innkjøp og prioriterer verksemder som har teke grep for å vera i bærekraftig utvikling.