- Eg stiller til val fordi eg meiner det er viktig med grøn politikk også i distriktskommuner. Eg meiner det må jobbast fram fleire grøne kvardagsløysingar som tek vare på miljøet, og som gjer det enklare å gjera grøne val for folk i bygda. Eg brenn for ein skule og eit samfunn utan mobbing, for eit inkluderande miljø som favnar ulikskap og gjer bygda vår god å bu i for alle.
Marita Østborg
2. kandidat, Vernepleier