MDG Vang sitt syn på nye vasskraftverk

Fotocredit: Dag Nordsveen

MDG Vang seier nei til dei fire nye kraftverka ein no ønskjer å bygge i Vang. Vi seier også nei til andre nye utbyggingar.

August 2015

Kvifor?

Desse fire verka vil til saman ikkje bidra med meir enn vel ein million i eigedomsskatt årleg, og det er før verdien på verka avskrivast og eigedomsskatten til kommunen blir enda mindre. Er ikkje det inntekter som kommunen treng? Jo, men vi meiner prisen vi betaler for desse skattekronene er for høg, og kva ein får att er for lite.

Kvart enkelt småkraftverk gjer skade på naturen og landskapet. Isolert sett kan skaden vere liten, men ser ein samla på alle, blir summen av desse inngrepa store. Straumen dei produserer er beskjeden, spesielt vinterstraumen. Framfor å bygge nytt vil MDG Vang effektivisere eksisterande damanlegg og reguleringar. Slik får vi utløyst deira fulle potensial – utan nye inngrep og utan fleire skader på naturen.

Utbygginga i Vang vil ikkje gje store positive ringverknader som for eksempel fleire arbeidsplassar. Ut over sluttutbetalingar og leigeinntekter til ei handfull fallrettseigarar, vil eventuell økonomisk profitt av utbygginga i det store og heile gå ut av bygda og ned i kraftselskapet si lommebok. Det vi i Vang blir sittande att med er ulempene med å bygge ut Ala, Føsseberge, Gipa og Rysna. Prisen kan ikkje målast i kroner og øre, men i naturens eigenverdi, i fråveret av storaure i Storåni, i landskapa som rørgatene vil øydeleggje, i bekkekløftene som blir tørrlagte, og i truga naturtypar og artar som forsvinn. Det er minst 14 raudlista artar som vil bli påverka i dei aktuelle områda.

Alt dette er naturressursar som vi i MDG Vang vil ta vare på! Vassdragsmiljøa og landskapa rundt er ressursar som – om dei blir handtert på riktig måte – faktisk vil gje grøne, berekraftige inntekter og arbeidsplassar til Vang. For eksempel er opplevingar ei veksande næring innanfor reiselivet. Vi bør heller sette fokus på å forvalte den unike ressursen som Vangsnaturen faktisk er, framfor å byggje den ned.

Rafting ved Føsseberget. Foto: Lars Østbye Hemsing